For å understreke alvoret i det TISA-forhandlingane handlar om, har eg i dag sendt fylgjande epost forhåpentlegvis til enkelte av dei “rette vedkomande”:


Til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

Norge har det siste året delteke aktivt i forhandlingar om ein omfattande frihandelsavtale for tenester, TISA, Trade in Services Agreement, mellom USA, EU, og ei rekke andre land, mellom dei altså Norge.

Også finansielle tenester er ein del av denne avtalen, og eventuelle reguleringar av denne sektoren vil dermed verte påvirka.

I Klassekampen torsdag 27. mars er det eit oppslag med Michael Tetzschner, der han som medlem i Kontroll- og konstitusjonskomitéen uroar seg “for personvern og infrastruktur når bankløsninger selges til kapitalfond i USA”, som det står i avisa.

Når Tetzschner kan finne grunn til slik uro alt no, før vi har underteikna den omtalte TISA-avtalen, då er det grunn til å stille spørsmål ved om komitéen har forsikra seg om at TISA-avtalen ikkje vil gjere dette forholdet endå verre enn i dag. Ikkje minst er det mange som hevdar at reguleringar av finanssektoren vil bli vesentleg vanskelegare innanfor ein eventuell TISA-avtale.

Er Kontroll- og konstitusjonskomitéen ein av høyringsinstansane i høve til kva Norge skal binde seg til i TISA-avtalen, eller vil komitéen forsikre seg på annan måte om at komitéen sitt arbeid på finansområdet ikkje blir vanskeleggjort gjennom ein slik avtale?

Ålesund, 27. mars 2014