Den 20. februar hadde eg fylgjande kommentar på trykk i Klassekampen

TISA verre enn EØS.

“KrF truer med EØS-veto”, står det å lese i Klassekampen den 19. februar. Partiet reagerer på eit EU-direktiv som vil nekte favorisering av ideelle velferdstilbydarar i høve til kommersielle aktørar når det offentlege kjøper inn velferdstenester. Etter mi meining er dette ein forståeleg reaksjon på at det politiske handlingsromet til nasjonale og lokale styresmakter blir så vingeklippa gjennom EØS.

Det som er underleg, er at KrF så langt ikkje har vist teikn på å reagere på at Noreg er med i forhandlingar, utanfor WTO, om ein frihandelsavtale for tenester, TISA, som vil gjere denne situasjonen vesentleg verre. (Sjå evt kritikk av TISA på www.varsel.framilyset.com). Det vil vere svært kjærkome om KrF og evt andre i stortingsmiljøet, ville gå ut offentleg med si haldning til dei norske TISA-forhandlingane.